Sparebanken Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane fylke med ein forvaltningskapital på 32 milliardar kroner og 310 årsverk. Banken har 23 salskontor, 17 bank-i-butikk filialar og er representert i 21 av dei 26 kommunane i fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane har i tillegg kontor i Bergen, og hovudkontoret ligg i Førde i Sunnfjord.
Banken er ein av dei første sparebankane i landet som har teke i bruk det nye lovverket til finansnæringa og danna ei stifting; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Sparebanken Sogn og Fjordane har eit strategisk samarbeid med Gjensidige og lanserte i 2007 ein nasjonal nettbank med base i Førde, Gjensidige Bank. Frå 1. september 2010 har Sparebanken Sogn og Fjordane teke over drifta av Fjaler Sparebank i Dale og Bergen.
Sparebanken Sogn og Fjordane har følgjande dotterselskap:
- Bustadkreditt Sogn og Fjordane AS
- Leasing Sogn og Fjordane
- Bankeigedom Sogn og Fjordane AS
- Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Specialties
retail and corporate banking, insurance, real estate
Sparebanken Sogn og Fjordane Company Blog
- May 31, 2012
- May 29, 2012
- May 24, 2012
- May 3, 2012